UTSTEIN KLOSTER

 

 

                                                                   Foto: Karin Imsland

 

Utstein kloster er det best bevarte mellomalderklosteret i Noreg og ligg på Mosterøy i

Rennesøy kommune.

 

 

Sidene er laga av Karin Imsland og Gunvor Torsen

 

 

 

 

KONGSGARD BLIR KLOSTER

 

 

                                                      Utstein kloster ein vinterdag i 1987. Foto: Gunvor Torsen

                                                  

Korleis den eldste kongsgarden såg ut, veit ein ingenting om. Ved undersøkingar har ein funne restar av

bygningar som må vera eldre enn dei ein kan sjå i dag. Då Harald Hårfagre vann slaget ved Hafrsfjord i år 872,

var Noreg samla til eitt rike. Torbjørn Hornklove laga eit kvad etter dette slaget, og det er første gongen Utstein

er nemnd.

Snorre fortel at då Harald Hårfagre tok til å eldast, var Utstein ein av dei kongsgardane han sat på. Då han var

70 år, fekk han sonen Håkon med ei tenestejente. Håkon blei oppfostra hos den engelske kongen Adalstein,

dermed blei han kalla Håkon Adalsteinsfostre. Han blei konge i Noreg i ca 945, og fekk då tilnamnet 

”den gode”.                                                                                                                                                                                                                          

                                    

Ein trur  at Magnus Lagabøte heldt til på Utstein til far hans, Håkon Håkonsson, døydde i 1263. Kong Magnus

flytte då til Bergen, og det er naturleg å tru at han ga kongsgarden (med rike jordeigedommar heilt sør til Hå-elva

på Jæren) i gåve til munkane ved Olavsklosteret i Stavanger. Munkane tilhøyrde augustinarordenen. Dei ga

klosterkyrkja den endelege forma. Klosteret blei innvigd til den heilage Laurentius i 1265.

 

Arbeidsfeltet til munkane var truslivet og helsa til folk. Dei drog rundt og heldt preiker, tok imot skriftemål og

døypte folk. Dei var også dei einaste lækjarane i tida, sjuke folk blei førte til klosteret og fekk hjelp der.

Munkane dyrka lækjande urter, som dei brukte som medisinar.

 

Etter reformasjonen minka talet på munkar ved klosteret gradvis. Avlatshandelen hadde gjort at store

rikdommar hadde samla seg på Utstein. Kampen om desse rikdommane ende med væpna strid mellom

abbeden ved klosteret og biskopen i Stavanger i 1515. Abbeden blei fengsla, og soldatane til biskopen tok

med seg rikdommane og sette fyr på klosteret. I 1539, to år etter at munkane hadde flykta, blei klosteret brent

på nytt.

Klosteret tilhøyrde no krona, og låg i ruinar i 200 år.

 

Meir om klosteret si eldste historie kan du lesa her .

 

Laga av Gunvor Torsen. Sist oppdatert 29.04.2003.

 

 

Til Bruken av klosteret i dag

 

DEN KVITE DAMA

 

 

Omkring 1660 selde krona klosteret til sju danske adelsmenn.

30 år seinare kjøpte bergensaren Christopher Frimann eigedommen.

Dottersonen hans, Christopher Garmann (1747-1800) overtok

hovudgarden på Utstein kloster då han blei fut over Ryfylke i 1750.

Han starta ei stor ombygging av klosteret. Gjennom Cecilia, kona til

Christopher Garmann, kviler det ei forbanning over klosteret. Då ho

låg og skulle døy, fekk ho mannen til å lova at han aldri skulle gifta

seg igjen.

Etter 20 år gifte han seg likevel Stavanger Domkyrkje, og då han stod

framføre altaret, såg han med eitt Cecilia føre seg. Han døydde åtte 

dagar seinare og er gravlagd under klosterkyrkja.

  Austfløyen 1986. Foto: Gunvor Torsen

 

Garden måtte seljast på auksjon i 1779, på grunn av stor gjeld. Familien kjøpte garden igjen, men berre

med ein del av jorda. Det blir sagt at etter det vandrar Cecilia kvilelaust gjennom austfløyen i flagrande,

kvite klede.

 

Vil du vita meir om Christopher Garmann, kan du lesa om han her.

 

Her kan du lesa meir om at det har spøkt på Utstein kloster før den kvite dama.

 

Laga av Gunvor Torsen. Sist oppdatert 08.05.2003.

 

Til Om læremeteriellet

 

 

RESTAURERING I NYARE TID

 

 

 

                     

                                                   

   Austfløyen og koret før kalking. Foto: Gunvor Torsen.                          Etter kalking. Foto: Karin Imsland.

                            

 

 

I 1997 la Nidaros Restaureringsarbeide fram ein rapport om situasjonen for Utstein Kloster.

Klosteret  hadde allereie då store fuktskader i nedre delen av tårnet og i koret i kyrkja.

Inventar og panelar hadde store fuktskadar.

I hovudbygninga var skadane svært synlege både i biblioteket og i refektoriet.

Fleire stader var det tilløp til sprekker i muren.

I delar av refektoriet var den gamle mørtelen begynt å smuldre opp slik at ein sandaktig

masse spreidde seg utover golvet.

Utfyllande opplysingar om dette finn du her

På bakgrunn av denne rapporten søkte Klosteret om 3 millionar kroner til restaurering.

 

Tre  år seinare, april 2000, fekk endeleg Klosteret tildelt 750.000 kr til restaurering.

Restaureringsarbeidet starta same året, men var avhengig av å få fleire midlar frå staten.

Det er nå løyvt meir pengar og restaureringsarbeidet pågår framleis.

 

Det var i denne prosessen at Riksantikvaren i 2001 vedtok at klosteret skulle kalkast kvitt.

Dette sette sinna i kok lokalt, og det blei sett i gang ein underskriftaksjon.

 

Politikarar lokalt, på fylket og Stortinget engasjerte seg i saka, og i januar 2001 stilte

Oddbjørg A Starrfeldt spørsmål om saka i Stortinget.

Her finn du spørsmålet og svaret frå Miljøvernministeren. 

Protestane frå bygdefolket og politikarar førte ikkje fram, og klosteret blir no kalka.

 

 Laga av Karin Imsland. Sist oppdatert 08.05.03.

 

 

Til Den kvite dama

 

 

BRUKEN AV KLOSTERET I DAG

 

 

 

Utstein Kloster har i dag fleire bruksområde. Delar av
klosteret er i dag museum og ope for publikum meir eller
mindre heile året.

I kyrkja er det gudstenester, og det er ein populær stad
å gifta seg. Her blir det også arrangert konsertar, t.d. under
Maijazzen i Stavanger.

Det har i fleire år vore muleg for bedrifter og organisasjonar å

arrangera kurs og konferansar med overnatting på klosteret.

Klosteret har ei hotellavdeling med 18 rom.

Det siste året har det også blitt opna for private selskap som

bryllup og konfirmasjonar.

 

 
Sørveggen. Foto Karin Imsland.                               

Les meir på heimesidene til klosteret.

 

 

Laga av Karin Imsland. Sist oppdatert 08.05.03.

 

 

Til Kongsgard blir kloster

 

 

 

 

OM LÆREMATERIELLET.

 

 

Når vi bur i ein kommune som har ei perle som Utstein kloster, var valet enkelt.

Vi er stolte av klosteret og vil gjerne nytta høvet til å vise dette fram.

 

Informasjonen har vi henta frå brosjyrene: Utstein kloster. Kongsgård – kloster – herregård av

                                                               Gerhard Fischer.

                                                               En kort historie om Utsten kloster av Gordon Cranmer

                                                               og Nina Tjomsland.

                                                                              

                                                               Internett

 

 

Deltakarane i gruppa er Gunvor Torsen og Karin Imsland, som både har teke bileta og skrive teksten.

 

Til framsida